JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Bokanmeldelse

Eit nyttig bidrag om brukarmedverknad i forsking

Universitetsforlaget

11.12.2019
21.08.2023 17:14

Anmeldt av
Brit-Marie Follevåg

Høgskulelektor, Høgskulen på Vestlandet, Institutt for Velferd og deltaking, Campus Sogndal

Om boka

Ole Petter Askheim, Inger Marie Lid og Sigrid Østensjø (red.) Samproduksjon i forskning. Forskning med nye aktører. Universitetsforlaget. 2019

Kva er brukarmedverknad i forsking og kva inneber det? Nasjonale og internasjonale myndigheiter stiller krav om brukarmedverknad og det er satsingsområde i kunnskapsproduksjon. Kva inneber omgrepet medverknad, kven er brukarar, kva kan utfordringar og dilemma med brukarmedverknad i forsking vere?

Ole Petter Askheim, Inger Marie Lid og Sigrid Østensjø er redaktørar av boka Samproduksjon i forskning. Forsking med nye aktører. I boka sine 13 kapittel får vi både avklaringar og refleksjonar kring sentrale omgrep relatert til samproduksjon og brukarmedverknad i forskning, samt erfaringar med samproduksjon i konkrete prosjekt der forskarar, brukararar og praksisfelt har samarbeida. Gjennomgangstema i boka er forsking med nye aktører. Eg meiner det er fint å få eksempel på forskingsprosjekt og i tillegg få innsikt i både bakgrunn for krav om brukarmedverknad i forsking, eksempel på former for samarbeidsforsking og refleksjonar om samarbeidsprosessar.

Myndigheiter stiller auka krav til at brukargrupper det vert forska på, skal anten ta del i forskinga eller brukarane skal ha innflytelse. Forfattarane har med boka Samproduksjon i forskning fått fram historia bak, hensikta med og former for brukarmedverknad. Det kan synast som om tilnærminga til utvikling av kven som produserer «sann» kunnskap har ei konsensusorientert haldning og haldning til at «den veit best den som kjenner kvar skoen trykkjer».

«SAMPRODUKSJON» ER overskrifta for antologien. Omgrepet omfatta både samarbeidet, prosessen og resultata. I sju artiklar får vi presentert prosjekt med ulike metodar for samarbeidsforsking, med ulike aktørar. Hovudsakleg kan former for brukarmedverknad kategoriserast under to overskrifter. Den eine er Konsultasjon. Her er brukarane inviterte inn for å gje råd og innspel til bestemte tema. Den andre overskrifta er integrert samarbeid. Her skal samarbeidsforma sikre at kunnskapen som vert produsert, skal skje i eit samarbeid med ulike aktørar sine perspektiv og erfaringar. Kapittel 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8 og 11 formidlar erfaringar frå prosjekt der brukarar deltek som forskarar eller medforskarar, samt grad av involvering. Artiklane gjev kvar for seg interessant og nyttig kunnskap om både bestemte forskingstema og om forskingsprosessane. Antologien sine resterande kapittel belyser bakgrunn og tyding av samproduksjon, etiske utfordringar og etiske refleksjonar om brukarmedverknad i forsking.

Kven er brukar, kva er brukarmedverknad og samproduksjon er spørsmål som forfattarane av boka tek opp. I artiklane som vert presentert får vi ulike avklaringar når det gjeld kven som er brukarar og eksempel på korleis brukarane vert involverte i samproduksjon.

GENERELT OM BOKA forstår eg at i argumentasjonen for å trekke inn personar med brukarerfaring i forsking vert blant anna mangfald av perspektiv nemnt som viktig.

Personar som har erfaring som brukar av teneste, har rett til å medverke om forhold som kan skape forståing og forbetring. Dette gjeld både i individuell recoveryprosess, marginaliserte grupper sin kollektive «kamp» mot diskriminering og undertrykking (s.17) og i forsking som skal gje betre kvalitet på tenester som skal kome brukarane til gode.

Boka syner at det er eit mangfald av metodar for brukarmedverknad i forsking. Ulike metodar for samproduksjon, genererer ulike data. Forskingssirkel er ei samarbeidsform der brukarar og/eller praktikarar og forskarar saman har valt tema og systematisk fordjupar seg i dette. Arbeidsseminar og dialogseminar er ei form som kan nyttast når forskar ynskjer innspel på eit bestemt tema. Analyse av tekst om brukargrupper sitt syn på kunnskapsproduksjon var ei form for medverknad og fokusgruppeinter-
vju ei anna form. Brukarpanel er brukt som medverknadsform i eit av forskingsprosjekta i antologien. Deltakarane i panelet er støtte til forskarane og deltek i drøftingar gjennom heile forskingsperioden. Idealet om at brukarar er likeverdige aktørar i forsking skal legge til rette for at alle er aktivt med å utforma problemstilling, metode og generering av data.

MINE REFLEKSJONAR over tema i boka gjev meg auka bevisstheit om vesentlege element i framtidig forsking: Samarbeid på tvers av fag og sektorar kan føre til friksjonar i samarbeidet, på grunn av blant anna kulturforskjellar. Språk kan vere barriere i samarbeidet, noko som krev refleksjon om makt og anerkjenning. Aktørane sine ulike perspektiv, ulike tilnærming til tema, ulike forståing og implementering kan føre til ulike måtar å inkludere arbeidet på. Rolla som forskar krev bevisstheit om eiga haldning til brukaren eller brukargruppene som medverkar i forskinga og til eigen kultur og praksis. Avklaring av roller og ansvarsfordeling vert trekt fram som vesentlege forhold for å fremje forskingssamarbeidet. Interessekonflikt kan påverke samproduksjonen, så behovet for avklaring av forventningar til kva som skal kome ut av samarbeidet, samarbeidsform og mål, er viktige steg i prosessen. Som i ei kvar drift av «anlegg» eller organisasjon er infrastruktur, kontinuerleg involvering og tydeleg leiing faktorar som påverkar samarbeid og resultat.

Eit av spørsmåla som forfattarane tek opp, er om samproduksjon fører til betre og meir relevant forsking. Eg tenkjer at svaret ikkje er klart og eintydig. Mi tolking av innhaldet i dei 13 kapitla er at svaret på om forskinga vert betre, avhenger av mange forhold i forskingsprosessen. For eksempel bør det stillast spørsmål til kvifor brukarar er med i ei bestemt forsking, når kjem brukar med i forskingsprosessen, kva rolle, posisjon, makt og myndigheit har brukar i det bestemte samarbeidet, samt bidrag til analyse og formidling. På spørsmål om forsking vert meir relevant når brukar er med i forskinga, kjem det tydelegare fram at brukarar veit kva som bør forskast på, kva nytte den bestemte forskinga kan ha, både for det bestemte problemområdet og for samfunnet. Det er ikkje tvil om at personar med erfaring på det som skal forskast på, har kompetanse som er viktig i produksjon av ny kunnskap.

STRUKTUREN I BOKA meiner eg hadde gitt meir oversikt, dersom ein hadde samla artiklane om gjennomførte prosjekt, og resten av kapitla var samla i eigen del. Forfattarane presenterer fleire relevante og interessante spørsmål dei vil ta opp. Hensikta med boka er å reflektere kritisk over brukarmedverknad i forsking. Eg saknar forfattarane sine avsluttande kommentarar om samproduksjon og deira refleksjon over brukarmedverknad i forsking.

Eg anbefaler boka, og spesielt til dei som har interesse for tema knytt til brukarmedverknad, til forskingsmetode og forskingsetiske utfordringar, til samfunnsendringar når det gjeld kunnskap og haldning til kven som sit på den «sanne» kunnskapen, til forbetringsarbeid i praksisfeltet og utdanningsinstitusjonar.

11.12.2019
21.08.2023 17:14