JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Bokanmeldelse

Å forstå vilkår for sosialt arbeid med utgangspunkt i eigen posisjon og praksis. Ei lita bok om store spørsmål

Gyldendal

04.06.2021
21.08.2023 17:00

Anmeldt av
Torunn A. Ask

Dosent i sosialt arbeid, Universitetet i Agder

torunn.a.ask@uia.no

Om boka

Signe Ylvisaker og Marianne Rugkåsa. Krysspress. Dilemmaer i sosialt arbeid i velferdsstaten. (2020). Gyldendal Norsk Forlag (175 s).

Tittelen på boka, Krysspress – dilemmaer i sosialt arbeid i velferdsstaten, peiker mot erfaringar der sosialarbeidarar har opplevd motsetningar mellom faglege ideal og praktiske realitetar i yrkesutøvinga si. Forhold som blir tematisert, er kva ein sjølv kan påverke, og kva som ligg utanfor handlingsrommet ein har. Og meir direkte: Kva makt og ansvar har sosialarbeidarar i konkrete situasjonar, og korleis reflekterer dei rundt avvegingar kring ulike omsyn og moglege konsekvensar knytt til handlingar i arbeidet sitt?

Forfattarane Signe Ylvisaker, sosionom og førstelektor i sosialt arbeid, og Marianne Rugkåsa, sosialantropolog og professor i sosialt arbeid, vil stimulere til auka medvit om korleis institusjonelle og organisatoriske vilkår påverkar praksis i sosialt arbeid, og dermed sosialarbeidaren si samhandling med klientar. Det substansielle og empiriske omdreiingspunktet for boka er forteljingar frå praksis, gjennom eit utval av tekstar skrivne av sosialarbeidarar som deltok i vidareutdanninga «Barnevern i et minoritetsperspektiv» ved OsloMet (2012-2017). Tekstane er frå innleverte oppgåver, der studentane skulle arbeide med ei utfordrande praksiserfaring dei sjølv hadde stått i. Nærmare rammer for oppgåva blei gitt, mellom anna måtte majoritets-/minoritetsrelasjon vere med som ein dimensjon, samt bruk av kritisk refleksjon, særleg for å utforske kompleksitet og avdekke maktutøving. Studentane var i hovudsak erfarne sosialarbeidarar, eit stort fleirtal var kvinner.

BOKA HAR ei tredeling. I første del inngår bakgrunnen for boka, og det blir gjort greie for metodisk framgangsmåte i utveljing av tekstar, frå totalt 102 til dei 15 som er med. At sosialarbeidarane gjorde tydeleg greie for erfaringar som omhandla dilemma, der makt og avmakt, kryssande lojalitetar og lojalitetskonfliktar var gjennomgåande tema, var eit premiss for utval og analyse av forteljingar. Tekstane som blir brukt i boka, er reviderte av forfattarane, men lest og godkjend av sosialarbeidarane som opphavleg skreiv dei.

Innleiingsvis blir det også nemnt teoretiske perspektiv som problematiserer sosialarbeidarrolla i spenn mellom hjelp og kontroll, mellom å ivareta den enkelte og iverksette overordna politiske mål. Det blir vist til at politikken har målsettingar som kan vere vage og motsetningsfylte, samtidig som sosialarbeidarane er i posisjonar der dei forvaltar ressursar som menneske i sårbare situasjonar har behov for. Dette koplast til at sosialarbeidarar i aukande grad erfarer utilstrekkelege rammevilkår i arbeidet, og at mange uttrykker maktløyse og avmakt, heller enn å erkjenne makt. Element i ei slik utvikling kan, ifølge forfattarane, sporast til nyliberalistisk påverknad, auka detaljstyring og meir individuelle framfor strukturelle forklaringar på sosiale problem; faktorar som, på ulike måtar, utfordrar fagleg autonomi og medverkar til dilemma i utøving av fagleg praksis.

ANDRE DEL av boka utgjer hovuddelen og inneheld forteljingar og refleksjonar frå 15 sosialarbeidarar. Forteljingane er kategorisert ut frå sosialt arbeid i barneverntenesta (ni tekstar), med forvaltningsaspekt og myndigheitsutøving meir i forgrunnen, og sosialt arbeid i ulike barneverninstitusjonar (seks tekstar), der hendingar knytt til praktisk omsorg, grensesetjing, vegleiingsrelasjonar, å identifisere fordommar med meir, kjem til uttrykk. Av personvernomsyn på fleire plan, blir det gitt lite bakgrunnsinformasjon om den enkelte sosialarbeidar. Gjennom tekstane finn vi at nokon kallar seg saksbehandlar, andre barnevernskonsulent, nokon har ei leiarrolle, ein er ekstravakt, ein annan tolk, nokre arbeider som miljøterapeutar med ungdommar, andre med foreldre og barn saman. Kvar tekst er todelt; først får vi beskriving av ein krevjande praksissituasjon, deretter får vi del i sosialarbeidaren sine personlege refleksjonar og nærmare utforsking av det som hende, i noko grad understøtta med referanse til faglitteratur.

Nokre små innblikk i kva sosialarbeidarane skriv om: Det gjeld relasjonen til tenåringsjenta der mora døyr og faren ikkje kan ivareta henne. Jenta er muslim, har kort opphaldstid i Norge, og no må barnevernet finne ein eigna fosterheim. Mangelfull tilgang på fosterheimar kombinert med økonomiske omsyn, styrer avgjerda om kven ho blir flytta til, framfor jenta sine rettar og særskilte behov. Sosialarbeidaren blir ikkje høyrt som fagperson i eige system, og kjenner på at hen sviktar jenta, og får også sjølv svekka tillit til eiga leiing. Økonomiske omsyn framfor individuell vurdering blir også tematisert av miljøterapeuten som er støtteperson for ein ungdom som får avslag på utdanningshjelp, etter fylte 18 år. Hen hjelper guten å klage på vedtaket, og opplever at kollegaen i barnevernet ser på det som illojalt. I ein annan tekst reflekterer ein barnevernleiar rundt akuttplassering av eit lite barn; kva om avgjerda blei feil? Leiaren følgde ikkje mora sitt ønske om kvar barnet skulle vere, men lytta til ekspertise hos samarbeidsinstansar. Og vi møter den nyutdanna barnevernstilsette som skriv om ei djupt fortvila kvinne som fekk avslag på asylsøknaden, og som trugar med å ta livet sitt - og ta barnet sitt med i døden. Sosialarbeidaren reflekterer over eigen privilegert posisjon som «norsk, kvit middelklasse» og paradokset i at hen som systemrepresentant skal prøve å forstå, skape tillit og yte hjelp, samtidig som systemet, på eit anna nivå, gir grunnlag for at menneske kjenner seg skuva mot avgrunnen. Vi får del i utfordringa som miljøterapeuten opplever, når ein kollega på institusjonen, gir uttrykk for haldningar som kan oppfattast som rasistiske. Sjølvrefleksjonen går på korleis eiga frykt for å ikkje bli likt, kan hemme i å ta opp vanskelege tema i eit kollegafellesskap, samt kven som kan ha definisjonsmakt i spørsmål om rasisme. Ein annan miljøterapeut formidlar ambivalens ved å stå på ei avgjerd om å vegleie mor ut frå ein førehandsbestemt prosedyre, når den konkrete situasjonen har appell i seg om å fråvike prosedyren. Refleksjonar både om eige behov for å bli sett på som kompetent av kollegaer, samt kva makt som ligg i dominerande forståingar av foreldreskap og barneoppdraging, kjem fram. Ein saksbehandlar, som også reflekterer rundt makt i fagkunnskap og fagspråk, tenker tilbake på utfordrande samarbeid med faren i ein familie der «oppdragervold» var tema. Spørsmål som blir stilt, er: Kan offisielle retningslinjer, kategoriar og bestemte termar skape fordommar og bli barrierar for å sjå andre menneske i sin unike kontekst?

ETTERTANKE SOM følgjer hendingar og handlingar sosialarbeidarane skriv om, blir eksempelvis uttrykt slik: «Jeg endte opp med å handle på en måte som gjorde at jeg ikke kjente meg selv igjen» (s.59). «… då sto eg blotta for makt, følte eg, og eg tenkte at no har eg knust og øydelagt eit anna menneske» (s.68). «En interessant tanke er å reflektere over hva jeg ville rådet moren til dersom jeg ikke måtte skrive rapport (…) Rapporten blir ikke bare en kontroll over hva moren gjør, men også hva jeg gjør» (s.107). «Summen av små krenkelser ødelegger mennesker (…) Hvis vi er blinde for de små krenkelsene (…) er vi delaktige i dem» (s.146).

Sjølv om sosialarbeidarane gjerne har leita i minnet for å finne noko som passa inn i formkravet til oppgåva dei skulle svare på, opplever eg at tekstane fungerer for å formidle grunnleggande utfordringar og uro i sosialt arbeid. Ylvisaker og Rugkåsa seier i boka at sosialarbeidarar sine eigne stemmer frå og om praksis i liten grad blir anerkjent og lytta til, noko som er problematisk dersom sosialt arbeid skal bli forstått som noko som gjerast. Gjennom forteljingane kjem sosialarbeidarane her til orde. Tekstane har variasjonar frå det meir nøkternt beskrivande til kjenslesterke formidlingar, innimellom også med tilnærma poetiske formuleringar. Dei personlege erfaringane representerer krafta som gjer at boka når meir enn intellektet for meg som lesar. Dei synleggjer det normative feltet sosialt arbeid skjer i, at det handlar om levd liv, at mykje kan stå på spel for mange, inkludert sosialarbeidaren sjølv, i relasjonane hen inngår i. Kvar tekst står i hovudsak godt i seg sjølv, samtidig som ei forteljing finn gjenklang hos ei anna, og tekstar skaper også kontrastar til kvarandre; heilskapen blir meir enn summen av delane. Dilemma, som enkeltståande hendingar får fram, flettar seg slik inn i kvarandre og kaster lys over at sosialarbeidaren inngår i system og strukturar som legg premissar for sosialt arbeids praksis.

Forfattarane er transparente om eigen ståstad, rammene for boka og kva dei ønsker å oppnå med henne. Dei overordna problemstillingane som blir reist innleiingsvis, representerer viktige, vanskelege og vedvarande utfordringar i sosialt arbeid. Det betyr også at dei ikkje er nye i forsking og faglitteratur, vi har møtt dei før. Dei må likevel gjerast relevante i samtidige kontekstar og løftast fram i den fagleg-politiske samtalen, igjen og igjen. Det bidrar tekstane i denne boka med, slik eg ser det.

Når det er sagt, kan den valde kritiske tilnærminga ha ei slagside ved at svaret nesten er gitt, uansett spørsmålet. Gitt rammene for tekstane, kan vi seie at refleksjonen ikkje berre opnar opp for, men legg sterke føringar for, at sosialarbeidaren definerer seg sjølv som berar av (majoriteten sine) normer og verdiar gjennom oppvekst, utdanning, politiske og kulturelle diskursar som pregar det norske samfunnet, inkludert velferdssystemet. Stemmene i boka, sosialarbeidarane så vel som forfattarane, poengterer at utan kritisk refleksjon blir det majoritetsnormative tatt for gitt, noko som kan fungere undertrykkande og krenkande. Eg er ikkje usamd i det. Slik eg les det, er det likevel ein balansegang å adressere systemkritikk, og samtidig sjå handlingsrom og fridomsgrader som systemet faktisk også opnar for. Lover og reglar, økonomiske vilkår, gjeldande sosialpolitikk, ulike syn mellom kollegaer, usemje i og mellom organisasjonar – dette opnar også for å sjå alternativ og kan gi moglegheiter når ein står i skvis.

Ovannemnde innvending gjeld særleg tredje del av boka, der forfattarane tar opp igjen og utvidar perspektiv frå første del, kopla til sosialarbeidarane sine tekstar. Hendingar, reaksjonar og refleksjonar blir analysert i lys av politiske målsettingar og ideologiske føringar i velferdsstaten, kva gjeld tema som kjønnslikestilling, arbeidslinja, prinsippet om barnets beste og nulltoleranse for vald mot barn. Reelle rammevilkår som er relevante. Der det buttar imot for meg, er at eg les det som for programmatisk i koplinga til praksisforteljingane, på den måten at forfattarane i sine analysar tenderer til å ha «fasit» på utfordringar og dilemma som har kome fram i den enkelte teksten. Dette reduserer noko av potensialet i tekstane, i møte med meg som lesar. Forfattarane er for så vidt tru mot det som er presentert som grunnlaget for tekstar og tilnærming. Dei kunne likevel gitt seg sjølv litt lausare taumar, slik eg ser det, kanskje utfordra litt meir både seg sjølv og lesaren. Eg kunne ha ønska meg ein meir open analyse i tråd med den narrative tilgangen som tekstane gir, og som forfattarane innleiingsvis seier at dei vektlegg. Gjennom historiene vi får del i, les eg inn at sosialarbeidarane (også) blir medvitne om at det er eit handlingsrom, der dei i sitt daglege og praktiske arbeid faktisk kan påverke og forstyrre den institusjonelle orden, så å seie. Her er også ei mogleg kopling til teori om «Institutional Work», som kunne vore interessant å løfte fram.

Når det også er sagt; problemstillingane i boka engasjerer, forteljingane gjer inntrykk og utfordrar på mange plan. Forfattarane peiker på eit innsnevra handlingsrom i sosialt arbeid, og inviterer til eit utvida refleksjonsrom. Ambisjonen er at sosialarbeidarar gjennom å undersøke og reflektere over relasjonar og samhandling i eigen praksis, får innsikt som gjer at dei kan skilje mellom kva dei kan gjere noko med, og kva overordna myndigheiter har ansvar for. Dette kan då frigjere frå individualisert maktløyse og opne for å arbeide meir i tråd med faglege ideal, slik forfattarane uttrykker det. Eg les det som uttrykk for kunnskapsoptimisme, og det er å håpe.

BOKA ER beskjeden i omfang og uttrykk, med sine 175 sider og sitt A5-format. Ho er lettfatteleg, men inviterer like fullt til krevjande samtalar. Eg kan tilrå boka til bruk på både bachelor- og masterstudium i sosialt arbeid og barnevern. I settingar der kollega-vegleiing og refleksjon over praksis står på dagsorden, trur eg sosialarbeidarar, både i barnevern og på andre område av sosialt arbeid, kan ha utbytte av å bruke eksempel frå praksisforteljingane som bruer, over til å dele og drøfte eigne erfaringar.

04.06.2021
21.08.2023 17:00