JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Fagfellevurdert artikkel

Tolken si rolle under sosialt samvær

Ein observasjonsstudie av korleis ein tolk for døvblinde si nøytrale rolle blir utfordra i ein sosial tolkesituasjon.

03.12.2009
21.08.2023 17:14

Sammendrag

Artikkelen er skriven med utgangspunkt i ein observasjonsstudie av ein tolk for døvblinde sin praksis under sosialt samvær. Det er eit uttalt mål i tolken sine yrkesetiske retningslinjer at tolken ikkje skal uttrykka eigne meiningar eller vera part i tolkesituasjonen. Dette er ei utfordring for tolkane som opplever at både høyrande og døvblinde tolkebrukarar kan ha andre forventningar til tolken si rolle i tolkesituasjonen. I det observerte Tupperwareselskapet ser me eit døme på ein tolk som legg til eigne vurderingar og kommentarar, og ho er nokre gonger ein direkte deltakar i situasjonen. Med utgangspunkt i datamaterialet drøftar eg positive og negative sider ved at tolken lar seg sjølv som person komma meir fram i tolkesituasjonen.

Nøkkelbegreper: døvblind, tolk, yrkesrolle, nøytral, personleg, sosialt samvær

Note

1) I nokre andre land nyttar ein nokon gonger døve som tolkar. Det kan til dømes vera som tolkar for døvblinde i ein teiknspråkleg kontekst, eller som mellomtolk mellom ein døv person og ein høyrande tolk.

Summary

The article is written based on an observation study of what the interpreter for a deafblind was doing during social intercourse. It is a stated goal of the interpreter’s professional code of ethics that the interpreter is not supposed to express her own meanings or be a part in the situation. This is a challenge for the interpreters. They experience both hearing and deaf and blind users’ having other expectations to the role of the interpreter in the work situation. In the observed Tupperware party we have an example of an interpreter who are adding some of her own assessments and comments, and sometimes she is also a direct participant in the situation. Based on my data material I discuss positive and negative aspects with a more personal interpretation service.

Litteratur

Andreoli, Paul (1999) «Psychic and social aspect in the relationship between the deafblind person and the interpreter.» I Peckford, Bob (red) Proceedings of an International Symposium on Developments and Innovation in Interpreting for Deafblind People. Durham: CACDP side 34-37.

Askjem, Solveig (1999) «Den første utdanningen av tolker for døvblinde.» I Woll, Heidi (red): Døvetolk- og døvblindetolkyrkets fremvekst i Norge. Bergen: Døves Forlag, side 29-34.

Bakhtin, Mikhail (2005) Spørsmålet om talegenrane. Omsett og med etterord av Rasmus T. Slaatelid. Oslo: Pensumtjeneste A/S.

Berge, Sigrid Slettebakk (2003) Tegnspråktolkens handlinger. Trondheim: Tapir Akademiske forlag.

Bø Inge og Per Morten Schiefloe (2007): Sosiale landskap og sosial kapital. Innføring i nettverkstenkning. Oslo: Universitetsforlaget.

Collins, Steven, Earl Fleetwood og Melanie Metzger (2004) Discourse Genre and Linguistic Mode: Interpreter Influences in Visual and Tactile Interpreted Interaction. Sign Language Studies 4(2), side 118-137.

Dahl, Liv Synnøve (1996) Tolking og livskvalitet. En kvalitativ studie av noen døves erfaringer som brukere av tolketjenesten for hørselshemmede. Universitetet i Oslo: Institutt for spesialpedagogikk. Hovedoppgave til 3. avdeling, hovedfagseksamen i spesialpedagogikk.

Dalum, Vibeke, Ole Jeppesen, Louise No Myrup og Annegrethe Pedersen (1997) Taktil Tegnsprogskommunikation. København: Center for Tegnsprog og Tegnstøttet Kommunikation – KC.

Dammeyer, Jesper (2007) Den sociale konstruktion af døvblindhed. I Nyhedsbrevet nr. 2/07. Dronninglund: Nordisk Uddannelsescenter for Døvblindepersonale, side 4-6.

Eikholt, nasjonalt ressurssenter for døvblinde (u.d.) Nordisk definisjon av døvblindhet. http://www.eikholt.no/ ?module=Articles;action=ArticleFolder.publicOpenFolder;ID=252 (Henta 14. april 2008).

Eriksson, Linda og Karin H. Johansson (2007) Døvblindtolkning – ett studiematerial. Ørebro: Ørebro läns landsting.

Ellis, Caroline (1999) «Rights to interpreter services for deafblind people – an overview.» I Peckford, Bob (red) Proceedings of an International Symposium on Developments and Innovation in Interpreting for Deafblind People. Leeuwenhorst, The Netherlands June 1999. Durham: CACDP, side 26-33.

Goffman, Erving (1974) Vårt rollespill til daglig: en studie i hverdagslivets dramatikk. Oslo: Pax Forlag.

Goffman, Erving (1981) Forms of talk. Philadelphia: University of Pennsylvania Press.

Humphrey, Janice H. (1999) Decisions? Decisions! A Practical Guide for Sign Language Professionals. Texas: H & H Publishers.

Johanssen, Marianne (2008) «Tolkeyrket i et dialogisk perspektiv.» Tolkeavisa nr. 2/2008. Oslo: Tolkeforbundet, side 14-16.

Kermit, Patrick (2002) «Hva gjør en tolk og hva gjør en god tolk? Om tolkens yrkesetikk.» I Etikk og profesjonskunnskap del 1: kompendium. Oslo: Universitetet i Oslo, ILF.

Leenderts, Torborg Aalen (2000) Person og profesjon: Om menneskesyn og livsverdier i offentlig omsorg. 2. utg. Oslo: Universitetsforlaget.

Ljicke, Cor van der (2008) «Medmenneske.» Tolkeavisa nr. 2/2008. Oslo: Tolkeforbundet.

Løgstrup, Knud Eilert (1999) Den etiske fordring. Oslo: Cappelen.

Metzger, Melanie (1999) Deconstructing the Myth of Neutrality. Gallaudet University Press: Washington, D.C.

Miner, Ilene (2008) Døvblindblevne og selvidentitet – en interviewundersøgelse. Herlev: Videnscentret for Døvblindblevne.

Nesse, Liv Solbø, Vigdis Solbø Peterson og Sissel Redse Jørgensen (2006) «Om tolking og undervisning.» I Anjum, Rani Lill og Sissel Redse Jørgensen (red) Tegn som språk. Oslo: Gyldendal, side 113-124.

Næss, Trine (2006) «Å fange omgivelsene». Kontekstuell tilnærming ved ervervet døvblindhet. Om døvblindblitte, miljøbeskrivelse og kommunikasjon. Asker: CoCo Haptisk.

Ohna, Stein Erik m.fl. (2003) På vei mot en ny grunnskoleopplæring for døve elever. Oslo: Skådalen Kompetansesenter.

Olesen, Birgitte Ravn og Kirsten Jansbøl (2005a) Teori og metode. Erfaringer fra mennesker med døvblindhet – et nordisk prosjekt. Herlev: Videnscentret for DøvBlindBlevne.

Olesen, Birgitte Ravn og Kirsten Jansbøl (2005b) Å kunne delta. Erfaringer fra mennesker med døvblindhet – et nordisk prosjekt. Herlev: Videnscentret for Døvblindblevne.

Roy, Cynthia B. (1992) «A sociolinguistic analysis of the interpreter’s role in simultaneous talk in a face-to-face interpreted dialogue.» I Sign Language Studies, Volume 74 – spring. Burtonsville: Linstok Press Inc., side 21-61.

Raanes, Eli (2001a) Beskrivelse. (Nordisk vejleder. Arbeidstekst, 37.) Dronninglund: Nordisk Uddannelsescenter for Døvblindepersonale (NUD).

Raanes, Eli (2001b) Døvblindes kommunikasjonssituasjon. (Nordisk vejleder. Arbeidstekst, 35.) Dronninglund: Nordisk Uddannelsescenter for Døvblindepersonale (NUD).

Raanes, Eli (2001c) Tale og Taleforståelighet. (Nordisk vejleder. Arbeidstekst, 22.) Dronninglund: Nordisk Uddannelsescenter for Døvblindepersonale (NUD).

Raanes, Eli (2006) Å gripe inntrykk og uttrykk. Interaksjon og meningsdanning i døvblindes samtaler. Doktoravhandling. Trondheim: NTNU.

Røkenes, Odd Harald og Per-Halvard Hanssen (2006) Bære eller briste. Kommunikasjon og relasjon i arbeid med mennesker. 2. utg. Bergen: Fagbokforlaget.

Skaten, Ingeborg (2005) Tolk, døvetolk – eller tegnspråktolk? Hovedfagsoppgave i sosiologi, Universitetet i Bergen.

Svingen, Else Marie (uten datering) Syn og hørsel hos eldre. www.sansetap.no (Henta 11. oktober 2009).

Tolkeutredningen (2008) Framtidens tolke- og kommunikasjonstjenester for døve, døvblinde og hørselshemmede. Oslo: Arbeids- og velferdsdirektoratet.

Wadensjö, Cecilia (1998) Kontakt genom tolk. Stockholm: Dialogos förlag.

Inger Birgitte Torbjørnsen

høgskolelektor, Høgskolen i Bergen

ingerbirgitte@yahoo.com

Artikkel i PDF-format

Les artikkelen i PDF-format

Tolking og ledsaging for døvblinde

Ein tolk-ledsagar for døvblinde skal tolka, ledsaga og beskriva det fysiske og psykiske miljøet (Tolkeutredningen 2008). Tolkar for døvblinde skal formidla informasjon om kva som blir sagt, kven som er til stades, kroppsspråk, hendingar og kor folk si merksemd er.

Dei fleste som blir definert som døvblinde har noko syns- og/eller hørselsrest igjen (Svingen u.d.). Linda, som eg kallar den døvblinde tolkebrukaren i denne studien, kan høyra litt ved hjelp av hørselstekniske hjelpemiddel. Tolken nyttar derfor ein metode som kallast taletolking. Det tyder at ho gjentar det som blir sagt når det tekniske utstyret ikkje strekk til.

Døvblinde som kan teikn, men som ser for dårleg til å oppfatta teikna visuelt, kommuniserer som regel ved hjelp av taktilt teiknspråk. Den døvblinde held då hendene sine oppå tolken sine hender medan tolken «teiknar». Nokon tolkebrukarar kan bruka ein liten synsrest slik at tolken kan tolka i avgrensa synsfelt og tilpassa avstand, lystilhøve og storleiken på teikna. Desse tre tolkemetodane er dei tre vanligaste, men det finnes også døvblinde som bruker handalfabet, skrivetolking eller kombinasjon av ulike metodar (Tolkeutredninga 2008).

Tidlegare var døve og døvblinde avhengige av hjelp frå vener, familie, døvepresten, lærarar frå døveskulen eller andre som kunne fungera som tolk på frivillig basis. Døve kunne tidlegare oppleva at «tolken» oversette det «tolken» ville, blanda seg inn i samtalen og tok avgjerder på vegne av den døve. Etterkvart som tolking blei eit yrke som kravde godkjenning, utdanning og godtgjering, auka fokus på at tolken var ein eigen profesjon som skulle vera nøytral, ha teieplikt og ikkje ha andre oppgåver enn å tolka.

Den første utdanninga for døvblindetolkar blei satt i gong i 1982 (Askjem 1999). Døvblinde sjølv ønskte den gong at tolkane både skulle tolka, ledsaga, hjelpa med ulike ting og vera ein kontaktperson. Ein kontaktperson er ein person som er lønna av det offentlege for å besøka den døvblinde, vera eit bindeledd til omgjevnadane, hjelpa med posten, vera med på ærend og liknande (Miner 2008). Sidan utgiftene til tolkehjelp skulle dekkast av Folketrygda, var det ikkje realistisk å tru på ei slik omfattande tolketeneste. Ein enda derfor opp med at døvblindetolkane skulle tolka og ledsaga, og så fekk andre ta ansvar for å dekka andre behov døvblinde måtte ha (Askjem 1999). I dag er utdanninga for å bli tolk-ledsagar for døvblinde slått saman med utdanninga for tolk for døve og tolk for døvblitte i ei treårig Bachelorgrad i teiknspråk og tolking.

Ein reknar med at det er om lag 25 døvblinde per 100 000 innbyggarar i ein populasjon (Olesen og Jansbøl 2005a:17). Dei fleste døvblinde har vore høyrande og sjåande, eller berre hatt eitt sansetap, i førspråkleg alder (0-2 år). Ein reknar med at denne gruppa utgjer 88 prosent av døvblinde (Olesen og Jansbøl 2005a:17). Det er tolking for denne gruppa døvblinde artikkelen tar for seg.

Dei nordiske landa er blitt einige om ein felles definisjon av det å vera døvblind (Eikholt u.d.):

Døvblindhet er en spesifikk funksjonshemming. Døvblindhet er en kombinert syns- og hørselshemming. Den begrenser en persons aktiviteter og hindrer full deltakelse i samfunnet i et slikt omfang at det krever at samfunnet støtter med særlig tilrettelagte tjenestetilbud, tilpasning av omgivelsene og/eller tekniske hjelpemidler.

Dammeyer (2007) omtalar denne definisjonen som ein funksjonell definisjon som kan vera vanskeleg å bruka i praksis. Han argumenterer for at det å vera døvblind er ein sosial konstruksjon, og han viser til at det ikkje finst objektive kriterier for å bestemma om ein person er døvblind eller ikkje. Om ein er døvblind eller ikkje handlar meir om ein mottar teneste som døvblinde har rett på. Til dømes kan ein tenkja seg at det finst mange eldre menneske som både ser og høyrer svært dårleg. Sidan dette er noko ein delvis forventar vil skje i alderdommen, og mange av desse personane bur på institusjonar for eldre, vil mange av dei ikkje bruka tenester som døvblinde har rett på. Det å vera døvblind er dermed noko ein blir sosialisert til, hevdar Dammeyer (2007). Næss (2006) skildrar at det å identifisera seg sjølv som døvblind, er ein prosess som tar tid. Ein må til dømes møta andre som har fått same »merkelapp» slik at ein kan kjenna seg igjen i dei andre og deira erfaringar. Dette blir støtta av ei undersøking som Helene Miner gjorde i 2008. Ho fann at det å ha ein identitet som døvblind ikkje hadde noko med graden av syns- og hørselstap å gjera, men graden av fellesskap med andre døvblinde.

Tolketeneste for døvblinde har eksistert som ei offentleg teneste sidan 1986, og ein kan få tolk til det ein ynskjer. Dette inkluderer også tolk til gjeremål i dagleg-

livet, som til dømes eit Tupperwareselskap. Tolketenestene for døve, døvblitte og døvblinde er organisert under NAV Hjelpemiddelsentral. I 2007 var det 175 stillingar for tolkar fordelt på dei ulike fylka, og i tillegg var 375 tolkar knytt til NAV som frilansarar (Tolkeutredningen 2008).

Tolking for døvblinde i sosiale situasjonar

Uformelt, sosialt samvær er kjenneteikna av at rammene for kommunikasjonen ikkje er så klare som i formelle samanhengar. Kven sin tur det er til å snakka eller kva tema det er legitimt eller passande å snakka om, vil variera frå situasjon til situasjon, avhengig av kven som er til stades og relasjonen dei i mellom. I tillegg møter ein ofte folk som ikkje er van med å bruka tolk, og ei vanleg erfaring for tolkane er at dei blir tiltala og rekna med som ein av deltakarane i situasjonen. Rachel McKee på tolkeutdanninga i New Zealand, meiner at tolking i uformelle situasjonar er dei vanskelegaste tolkesituasjonane (McKee sitert i Raanes 1997). Ho grunngir dette med at desse situasjonane er vanskelege å førebu seg på, og derfor må tolken heile tida vera i beredskap for å kunna takla det som kjem. Situasjonen er kompleks og krevjande, og tolken må vera vaken for tolkebrukarane sine ønskje og open for alternative løysingar som fremmar kontakt og oppleving (Raanes 1997).

Dersom døvblinde av ulike grunnar ikkje samhandlar med dei andre deltakarane under det sosiale samværet, kan tolken nokre gonger bli ein samtalepartnar framfor ein tolk for den døvblinde. I staden for å vera eit hjelpemiddel til kommunikasjon med andre, blir tolken ein direkte deltakar og kan på denne måten bidra til å ekskludera andre.

Tolken har også ei utfordring i å prøva å »ta minst muleg plass» i tolkesituasjonen samtidig som ho ikkje skal virka avvisande på dei andre deltakarane i situasjonen. Dersom tolken er svært sosial og imøtekommande, står ho i fare for sjølv å bli deltakar framfor å vera reiskap for kommunikasjon. På den andre sida kan tolken hindra kommunikasjon mellom tolkebrukarane dersom ho verkar kald og utilnærmeleg.

I ein tidlegare nordisk definisjon på det å vera døvblind fann ein at «Døvblindhet medfører derfor ekstreme vanskeligheter med hensyn til… sosialt liv…» (Statens sentralteam for døvblinde 1992 i Olesen og Jansbøl 2005a:17). I 1976/77 gjorde Helsedirektoratet ei kartlegging som viste at mange i denne gruppa førte eit passivt liv, og 10 prosent hadde berre kontakt med andre ein gong i veka (Raanes 2006:19). Dersom døvblinde ikkje får tolking som passar for dei, kan gjentekne negative erfaringar føra til at dei resignerer og blir passive (Andreoli 1999:34).

Sosiale samanhengar er viktige i folk sine liv. Sosialt samvær gir livskvalitet, og i tillegg er dette ein viktig arena for å henta informasjon og for å bygga nettverk (Bø og Schiefloe 2007). Derfor er det alvorleg når mange døvblinde seier dei unngår sosialt samvær, fordi «det er verre å føle seg alene blant mennesker som er sammen, enn å føle seg alene hjemme» (Olesen og Jansbøl 2005b:40). Eg stiller spørsmål ved det skiljet som Ellis (1999:31) lagar mellom kva kvalifikasjonar som trengst for å tolka i formelle samanhengar (arbeid, utdanning og medisinske møte) og i kvardagslivet. I følgje henne treng dei første situasjonane høgt kvalifiserte og profesjonelle tolkar, medan trente »communicator-guides» blir sett som passande i kvardagslivet. Det at dei fast tilsette tolkane på tolketenestane i Noreg berre har arbeidstid mellom klokka 08.00 og 16.00, bygger opp under inntrykket av at tolking i sosiale samanhengar ikkje blir vurdert som like viktig som tolking i formelle møte.

Tidlegare forsking på tolking for døvblinde

Det har vore lite forska på tolking for døvblinde. Det kan skuldast at gruppa døvblinde er lita og at tolking for denne gruppa er eit forholdsvis ungt yrke. Likevel er manglande forsking eit paradoks når både døvblinde sjølve (Olesen og Jansbøl 2005b:35) og fagfolk (Peckford 1999:7) meiner at tilgong til gode tolkar er eit av dei viktigaste tiltaka for ikkje å bli isolert.

Eg har brukt mykje tid på å leita på internett, bibliotek og BIBSYS etter artiklar og tidlegare forsking på tolking for døvblinde. I tillegg har eg tatt kontakt med folk som jobbar med å utdanna tolkar og som sjølv jobbar som tolk for døvblinde i Norden, Nederland og USA. Likevel har eg funne svært lite materiale om tolking for døvblinde. Det finst noko undervisningsmateriale som gir nyttige tips og stikkord (Eriksson og Johansson 2007, Galeota 2000), men ei grundigare drøfting manglar.

Noreg er ifølge Ellis (1999:26) det landet i Europa kor døvblinde har best rettar til tolkehjelp. Det har likevel ikkje ført til særleg mykje fokus på temaet her i landet. Fuglesang og Fornebo skreiv i 1992 ein generell artikkel om tolking for døvblinde. Raanes (1997, 2001a, 2001b, 2001c) har skrive fleire hefte om tema innanfor tolking for døvblinde. Alle desse tekstane er framleis aktuelle, men dei er ganske korte, frå ni til 22 sider. I ein upublisert artikkel til eit kurs for tolkar, har Raanes (1997) ei interessant drøfting av tolking i uformelle situasjonar.

I USA har Mindy Frankel (2002) forska på to døve1 tolkar sin bruk av negasjon når dei tolka frå amerikansk teiknspråk til taktilt (taktil = som oppfattes ved hjelp av følesansen.) amerikansk teiknspråk. Collins, Fleetwood og Metzger gjorde i 2004 ei undersøking om tolken sin påverknad i visuelt og taktilt tolka samhandling. Dei fann at tolken sine ytringar kunne passa i to kategoriar i tillegg til dei ytringane som var sjølve oversetjinga: informasjon om samhandling (relayings) og koordinering av samhandling (interactional management = mi oversetjing). Dei fann at tolken brukte åtte ulike typar ytringar som ikkje var å tolka. Dei fire første typane, som var å visa kven som snakka, forklaringar, repetisjonar og oppklarande spørsmål, plasserte dei inn under kategorien informasjon om samhandling. Medan koordinering av samhandling bestod av introduksjon, svar på spørsmål, innblanding (interference) og påkalling (summons).

I tillegg finst det ei samling innlegg frå eit symposium i Nederland som kort tar for seg ei rekke sentrale tema på dette området. Mellom anna drøftar ein tolken si rolle og funksjon, ulike utdanningsmodellar for tolkar, døvblinde sine rettar til tolk, psykiske og sosiale aspekt i forholdet mellom døvblind og tolk, beskriving og tolking for eldre døvblinde (Peckford 1999).

Det meste av forskinga som er gjort i samband med døvblinde, handlar om direkte kommunikasjon med døvblinde. Det vil seia kommunikasjon som ikkje går via tolk. Denne forskinga er det sjølvsagt nyttig for tolkar å kjenna til. Raanes (2006) si doktoravhandling kan til dømes gi tolkar verdifull informasjon om norsk taktilt teiknspråk. Riitta Lahtinen (2007a, 2007b) har forska på korleis ein kan formidla informasjon frå omgjevnadane via holistisk kommunikasjon. Dette er også kalla haptisk kommunikasjon (haptisk = gjelder berøringssansen).

Som påpeikt ovanfor er det forska lite på tolking for døvblinde. Det som finst har handla om taktiltolking, og forsking på metoden taletolking har eg ikkje funne noko om. Det er heller ikkje forska så mykje på tolking for døve, men noko av det som er gjort, kan ein dra nytte av også som tolk for døvblinde.

Metode

Gjennomføring av studien

Eg starta studien med eit møte med tre tolkebrukarar. Eg informerte om studien og spurte om nokon av dei kunne tenka seg å bli filma i ein sosial situasjon. Dei som kom på møtet hadde av ulike grunnar ikkje høve til å delta i studien, men me fekk ein god diskusjon om korleis dei opplevde å bruka tolk i sosiale samanhengar.

Tolkebrukaren i denne studien har vore registrert som døvblind i over 20 år. Ho brukte tolk første gong tidleg på 90-talet. Tolken i studien er ein erfaren tolk, og ho var den som brukaren i denne situasjonen ynskja å bruka. Eg observerte og filma tolken og den døvblinde sin praksis i fire timar i eit Tupperwareselskap heime hjå tolkebrukaren. I etterkant intervjua eg tolkebrukaren og tolken som deltok. Desse intervjua blei så transkribert.

Eg brukte to filmkamera under observasjonen. Det eine kameraet fokuserte på tolken og den døvblinde. Det andre kameraet filma heile gruppa slik at det kunne fanga opp ting som skjedde mellom to eller fleire personar i selskapet. Hovudfokus under observasjon og filming var på interaksjonen mellom tolk og tolkebrukarar, medan filminga av dei andre deltakarane fungerte som eit bakteppe for å forstå kva tolken formidla.

Filmopptaka blei transkribert ved å sjå gjennom opptaka og skriva ned kva som blei sagt og gjort. I ein sosial situasjon med i alt ni deltakarar, skjer det veldig mykje. Eg har lagt mest vekt på å studera tolken og tolkebrukaren, og eg har måtta velja ut nokre delar av materialet som eg har transkribert meir detaljert enn andre. Eg har konsentrert meg om å laga ein grundig transkripsjon av dei delane av Tupperwareselskapet kor samhandlinga var uformell, sidan tolking under uformelt, sosialt samvær var det som var fokus for studien. Det er desse delane eg har henta døme frå i denne artikkelen, men artikkelen er likevel inspirert av inntrykket av heile tolkesituasjonen.

Undervegs som eg jobba med transkripsjonen la eg merke til ting som eg tenkte kunne vera nyttige tankar til analysen. Eg skreiv desse tankane ned i eit eige dokument kor eg prøvde å gruppera dei etter tema. På denne måten gjekk transkripsjon og analyse parallelt. Etter gjennomført arbeid med transkripsjon, arbeidde eg vidare med analysen på bakgrunn av dette skriftlege materialet. Eg oppdaga då nye ting i materialet, og eg fann også fleire døme som nyanserte mine tidlegare funn.

Forskaren sin ståstad

I denne studien er eg som observatør sjølv tolk. Det gjer at eg bringer med meg mine eigne verdiar, mi erfaring og mi forforståing av korleis tolken sin praksis bør vera. I mine snart 20 år som tolk har eg hatt fokus på at tolken berre skal vera ein reiskap for ledsaging og kommunikasjon. Eg som tolk er auge og øyre for den døvblinde, men ut over det strekk ikkje min jobb seg. Det har ført til at eg har vore restriktiv i forhold til å gjera tenester, henta eller bera ting for mine døvblinde tolkebrukarar. Mi haldning har også vore at eg er der for å tolka, ikkje for å vera samtalepartnar med verken døvblinde eller høyrande tolkebrukarar. Eg har vore passiv, gjerne på grensa til uvennleg, slik at eg ikkje skulle bli rekna for å vera ein deltakar i tolkesituasjonen. Eg har fått høyra at eg er ein streng tolk, men i seinare år har eg blitt litt »rundare i kantane». Dette er både eit resultat av at eg ser at det kan vera urimeleg ikkje å henta ein kaffikopp til ein 80-åring eller å hjelpa til med å bera tung bagasje, men også fordi eg er påverka av at praksis ser ut til å utvikla seg i ein meir hjelpande retning. Denne studien har gjort at eg har vore nøydd til å stilla kritiske spørsmål til nokre av mine haldningar. Studien har gjort at eg nå er meir open for at andre måtar å fylla tolkerolla på kan ha sine fordelar.

Mitt første inntrykk av datamaterialet var at tolken kom med veldig mange personlege kommentarar. Eg gjekk gjennom transkripsjonen og summerte tolken sine ytringar. Bakhtin (2005) legg vekt på at ytringar grenser seg frå kvarandre ved byte av talar. Med ei slik avgrensing hadde tolken 605 ytringar. Dette var hovudsakleg gjentaking av andre sine ytringar (tolking), beskriving av miljøet og koordinering av samhandlinga. Berre 30 av ytringane frå tolken kan sjåast som personlege. Døme på slike personlege ytringar er at tolken seier «…det var jo koselig» eller «…eg var på et sånn Tupperwareselskap og da fikk eg han for 299,-». Denne oppteljinga gjorde at eg blei klar over at det faktisk var færre personlege utspel frå tolken enn eg først trudde. Mi oppfatning av kva som er »god» tolkepraksis, har truleg gjort at eg oppfatta mengda av personlege utspel som større enn ho var. Oppteljinga førte også til at eg oppdaga at ti av ytringane var knytt til første halvtimen av oppdraget og ti var knytt til den siste halvtimen.

Forskingseffekt

Det at det var observatør til stades kan ha påverka tolken sin praksis. På slutten av oppdraget var det ein episode der tolk, tolkebrukar og observatør var ute på kjøkkenet. Tolken spurte om filmkamera var slått av. Ho ville nemleg hjelpa brukar å rydda av bordet. «Men det gjør jo ikkje en tolk til vanlig», sa ho og lo godt. Tolken viser då at ho er medviten om at den offisielle rolla til ein tolk ikkje inneber slike tenester. Tolken ville likevel rydda av bordet, og la til lattermildt: «men trenger jo ikkje akkurat komme på teip det». Eg tenkjer at dette er eit godt døme på utfordringa tolkane ofte møter i forhold til å finna balansegangen mellom å vera ein hjelpar og berre å vera tolk og ledsagar. Tolken ynskjer ikkje å bli filma medan ho går ut av rolla. Goffman (1974:207) skriv at det finst eit utal normer, men som «opptredende er hver enkelt person ikke opptatt av det moralske problem å følge disse normene, men… å frembringe et overbevisende inntrykk av at disse normene overholdes». Eg tenkjer at dette gir oss viktig informasjon om korleis ein tolk ønskjer å bli framstilt overfor fagfeltet. Om me brukar Goffman sin terminologi, handlar dette om at tolken er »on stage» når ho tolkar under Tupperwareselskapet og kamera går. Når kamera er slått av, gjestene har byrja å gå heim, og selskapet er i ferd med å bli avrunda, kan det virka som tolken går «off stage».

Å vera personleg i tolkerolla

Tolkar opplever mange gonger at døvblinde spør tolken direkte om personlege ting. Det kan vera spørsmål om kva me synest i ei politisk sak, kva me har gjort i helga eller om me har tenkt å gifta oss snart. Ofte er det slik at det er den same tolken som er med ein tolkebrukar både til legen, i familieselskap, på ferie, i butikken, på julebord og på kurs. Tolken har derfor kjennskap til mange private forhold i tolkebrukaren sitt liv. Er det då urimeleg dersom tolkebrukaren også ønskjer å vita noko om tolken som dei tilbringer så mange timar med? Kan det til dømes forståast som eit forsøk på utjamning av maktforholdet mellom dei?

I kommunikasjonsteori hevdar ein at så mykje som 80 prosent av kommunikasjonen er non-verbal (Dalum 1997:18). Den non-verbale kommunikasjonen er det vanskeleg for døvblinde å få tak i. Goffman (1974) meinar at den beste måten å forstå identitet på, er å studera menneske sine rollespel i ulike situasjonar. Denne mulegheita er svært avgrensa for menneske som ikkje høyrer og ser. Som tolkebrukaren i denne studien seier:

Altså, du gjør deg jo alltid opp en mening om hvordan den personen er... hvis du ser og hører normalt, sant? Du oppfatter... Enten liker du personen eller så liker du han ikkje eller sånn, sant? Eller han var lett å prate med eller vanskelig å prate med. Du gjør deg alltid opp en mening. Men når en tolk beskriver personen får eg ikkje, oppfatter eg ikkje det. Det blir overflatisk. Eg får liksom ikkje gjort meg opp min meining. Likte eg personen eller gjorde eg det ikkje?

Ein døvblind tolkebrukar kan få noko inntrykk av kven tolken er gjennom tolkinga og måten tolken ordlegg seg på. Dersom den døvblinde har syns- eller hørselsrest kan vedkommande kanskje få litt kjennskap til tolken gjennom å sjå tolken eller høyra stemma. Dei som brukar taktil kommunikasjonsform kan truleg kjenna på hendene om tolken er nervøs, irritert eller avslappa. Likevel er det meste av tolken sin personlegdom skjult for den døvblinde tolkebrukaren.

Det å vera personleg i tolkerolla, kan også vera ein strategi tolken nyttar for å skapa tryggleik i tolkesituasjonen (Nesse m.fl. 2006:116) eller for å bygga relasjon til tolkebrukar. Ein tolk vil påverka situasjonen berre ved å vera til stades, og då kan kanskje ein fagpersonleg (Leenderts 2000) tolk påverka på ein måte som fremmar samhandling og flyt i samtalen. Sosiale situasjonar krev kanskje meir engasjement frå tolken, men eit for tett forhold mellom tolk og tolkebrukar er heller ikkje bra. Det kan føra til at tolken ikkje står fram som upartisk, og det kan hemma samhandling med andre partar i situasjonen.

Tolkar skal ikkje vera maskinar

Dei tre tolkebrukarar som eg snakka med i førearbeidet til denne studien sa dei ønskjer seg tolkar som er mindre »maskinar». Også tolkebrukaren i min studie synest det er problematisk at tolkane er så »offentlege»:

Intervjuar: Skulle du ønska at dei var mindre offentlege?

Linda: Ja! (8.0) Kan jo sammenlikne dokker med hjemmesykepleien som min mor har hatt. De kommer og steller henne og så går de igjen. Stadig kommer det nye. Det virker som de skifter på det for at de gamle ikkje skal bli for mye kjent. De har ikkje lov å snakke om alt mulig eller snakke om andre gamle til... Det har de ikkje lov til. Eg tror.. tolkene har sikkert fått same opplæring. Det skal ikkje være nokon sånne personlige samtaler. Dere skal være nøytrale. (11.0) Så eg forstår jo det, men samtidig så savner eg det å prate fortrolig. Det oppstår jo alltid noe som eg har lyst å prate om, og så har eg ikkje lov til å prate med de om det, og det syns eg er et problem.

Dette er eit dilemma som tolkar og lærarar på tolkeutdanninga ofte møter. Eg har sjølv erfaring med at tolkestudentar har lett for å gå inn i ei rolle som døvblinde sin samtalepartnar eller rettleiar slik at det går ut over jobben som tolk-ledsagar. Rettleiarar i praksis vil ofte ha fokus på at studentane skal tolka og beskriva det som skjer på ein objektiv måte framfor å komma med personlege ytringar. Dette kan få enkelte rigide og svært firkanta utslag. Det er ikkje nødvendigvis ei motsetning at ein i utdanninga har eit slikt fokus, sjølv om ein erfaren tolk veit at det å kunne gi tolken sine meir personlege sider større plass kan virka positivt inn i tolkesituasjonen. Etter kvart som studentane går frå skulebenken og ut i praksis som faglærte tolkar, vil dei truleg forma tolkerolla til å bli meir fleksibel etter kvart som dei får erfaring. Men det kan kanskje likevel vera på sin plass at fagfeltet spør seg sjølve: Er me for rigide i forhold til å sleppa til ei meir personleg utgåve av oss sjølv i rolla som tolk for døvblinde?

Cor van der Ljicke (2008) ville kanskje svart ja på dette spørsmålet. Han er sjølv ein døvblind tolkebrukar. I eit lesarinnlegg i Tolkeavisa fortel han frå eit kurs på Eikholt (nasjonalt ressurssenter for døvblinde). Han snakka med ein tolk som fortalte at ho ikkje pleidde å helsa på andre tolkebrukarar enn den ho sjølv tolka for. I følgje Ljicke kunne tolken ikkje forstå at det var nødvendig å beskriva kva for ein tolk som satt på sida av den tolkebrukaren ein tolka for. Ljicke blei skuffa og frustrert. Han meiner at ein slik praksis gjer at folk blir usikre og utrygge, og han spør om det er grunnlag for ei slik haldning i tolkane sine etiske retningslinjer.

Kvifor er tolken personleg?

I Tupperwareselskapet kom tolken med ein del personlege kommentarar. Det er ikkje uvanleg at tolkane kjem med eigne synspunkt, men eg har ikkje tidlegare hatt inntrykk av at det er blitt gjort i så stor grad som her. Det kan skuldast denne spesielle situasjonen, det kan ha vore denne tolken sin stil, det kan vera uttrykk for ein utviklingstrend – eller kanskje ei blanding av alle desse tre årsakene. Det kan også vera at tolken lever opp til forventningane som blir retta mot henne, at ho gløymer tolkerolla, at ho har ei eiga interesse av det, at ho vil ufarleggjera seg sjølv, fylla pinlege pausar eller for å vera hyggeleg mot folk som er til stades.

Diskusjonen om den «nøytrale» eller «usynlege» tolken har vore viktig fordi me kjenner tolkehistoria. Dei første som fungerte som tolkar for døve og døvblinde, var «snille» prestar og slektningar som ville hjelpa. Dei tolka det dei syntest var nødvendig og blanda seg gjerne inn i samtalen.

Ein tommelfingerregel kan vera at om ein skal komma med personlege utspel, så bør ein ha ei fagleg grunngjeving for dette. Slike grunngjevingar kan til dømes vera at ein meir personleg tolk kan jamna ut maktforholdet mellom tolk og brukar eller skapa tryggleik i ein sosial situasjon. Slik kan ein hindra at det å vera personleg fører til at tolken (meir eller mindre medviten) manipulerer ein situasjon eller skaffar seg urettmessige fordelar. Til dømes kan ein meir personleg tolk ufarleggjera ein situasjon der ein tolk kan oppfattast som eit framandelement, til dømes i eit Tupperwareselskap.

Torborg Aalen Leenderts (2000) har skrive om livsverdiar i offentleg omsorg. Sjølv om ho først og fremst skriv for sosialarbeidarar og sjukepleiarar, er det mykje i denne boka som kan vera relevant for tolkar. Leenderts peikar på at i samband med profesjonaliseringa av omsorgsyrka, flytta ein fokus vekk frå eit arbeid som var eit »kall» og forankra i livssyn og over til ein tradisjon der måla var fagleg objektivitet og nøytralitet. Leenderts trur at tida nå er moden for å sleppa til det ho kallar for ein fagpersonleg profesjonalitet. Det vil seia ei kopling av dei verdiar og kunnskapar som er felles for eit fagfelt saman med den enkelte fagperson sin intuisjon og evne til innleving. Tolkane sitt fokus på å vera nøytrale og usynlege kan ha vore viktig i ein periode kor ein skulle etablera yrket som ein profesjon. Nå er kanskje tida inne for at tolkane kan sleppa til det fagpersonlege eller sin personlege profesjonalitet (Røkenes og Hanssen 2002:224)?

Ein kan tenkja seg at kva måte ein tolk brukar seg sjølv på vil variera avhengig av type oppdrag og lengde på oppdraget. I ein sosial situasjon som her, vil det truleg vera meir naturleg for tolken å vera personleg enn på eit møte eller på eit legekontor. På same måte kan ein tenkja seg at dersom tolken skal tolka på same stad over lang tid, så vil tolkebrukarane etter kvart bli vande med at tolken er til stades. Ho treng ikkje bruka seg sjølv på same måte for å skapa tryggleik. På den andre sida vil ho bli betre kjent med deltakarane i situasjonen, og på den måten kan det derfor kjennast naturleg å ha direkte kontakt. I det ligg igjen ei fare for at den naturlege samhandlinga kan gå ut over jobben som tolk.

Nøytralitet

I følgje Tolkeforbundet sine etiske retningslinjer skal tolken ikkje delta som part i situasjonen. Når tolken i Tupperwareselskapet brukte litt tid til å handla varer til seg sjølv, medan tolkebrukar var opptatt med ein annan samtale, var ho då part i situasjonen? Eller kan me sjå det slik at ho hadde ein liten pause i tolkinga, og at ho då var fri til å gjera det ho ville?

I starten av oppdraget kommenterer tolken ein eggedelar på denne måten: «En sånn der kjøpte eg og den er bare heilt utrolig.» Er ho då part i situasjonen eller kan det sjåast som eit personleg innspel for å mjuka opp stemninga for Tupperwarekonsulenten? Eriksson og Johansson (2007:61) skriv at tolken skal etterstreva ei objektiv beskriving, men at ein skal ta omsyn til brukarane sine ønskje.

Kermit (2002) skriv at prinsippet om å vera ein upartisk tolk handlar om tre ting: tolken skal ikkje vera ein del av samtalen eller komma med eigne synspunkt, tolken må passa på at eigne haldningar ikkje kjem fram gjennom val av ord eller non-verbal kommunikasjon, og tolken skal heller ikkje ta parti for nokon av partane. Kommentaren om eggedelaren kan sjåast som eit brot på alle desse tre punkta. Likevel kan ein kanskje tenka at det ikkje var så alvorleg at tolken gjekk ut av yrkesrolla her og meir inn i ei rolle som gjest kor ho kom med sine personlege vurderingar. Hadde ho derimot vore med som tolk hjå legen eller i eit arveoppgjer i ein familie, ville ei slik type innblanding truleg blitt vurdert som meir uetisk og problematisk. Dahl (1996) påpeikar at tolken som person blir meir synleg i sosiale situasjonar, og ho meiner at dette bør få nokre konsekvensar. Kanskje tolken si rolle skal praktiserast på ein annan måte i uformelle, sosiale situasjonar enn i andre typar tolkeoppdrag?

Leenderts (2000) trur ikkje det er muleg å vera nøytral. Ho meinar det heller handlar om ein intensjon om å ha ei ikkje-dirigerande haldning og å visa respekt for andre sin integritet og eigenart og deira rett til sjølv å bestemma. Baker-Shenk (sitert i Metzger 1999:24) er viss på at det ikkje finst noko slikt som ein nøytral tolk, og at tolkane derfor må vita kva innverknad dei har på tolkesituasjonar slik at dei kan ta ansvarlege val. Kva som er eit ansvarleg val vil variera i forhold til situasjon og person, og Humphrey (1999) foreslår at tolkane lagar sin personlege modell for korleis ein skal ta etiske val. Teologen og filosofen Løgstrup (1999) hevdar at me alltid har noko av andre personar sine liv i våre hender. Me er utlevert til kvarandre, og på den måten har me også makt over kvarandre, skriv han. Løgstrup seier at den etiske fordring derfor blir å ta dette ansvaret slik at ein kan påverka andre sitt humør, andre sin dag eller nokon gonger heile livet på ein måte som er til den andre sitt beste. Den etiske fordring seier derimot ikkje korleis dette skal gjerast, men det krev forstand, fantasi og empati.

Om me går tilbake til kommentaren om eggedelaren, kan ein her sjå det personlege som eit medvite og ansvarleg val for å få fram ei aksepterande haldning i ein situasjon. Raanes (1997) legg vekt på at tolken må ønskja å bli akseptert av tolkebrukarane i tillegg til at ho sjølv visar ei positiv innstilling til situasjonen og personane. Tolken er den personen i Tupperwareselskapet som har mest erfaring frå tilsvarande situasjonar. På denne måten har ho noko av tolkebrukaren, gjestene og konsulenten sitt liv i sine hender. Tolken sin positive kommentar om eggedelaren kan ha ført til at konsulenten fekk ei kjensle av aksept for seg og sine varer. Det igjen kan bidra til at konsulenten kjenner seg komfortabel i ein uvant situasjon med tolk og ein døvblind tolkebrukar til stades.

Tolken i denne studien var merksam og empatisk i forhold til dei tema som gjestene snakka om. Ho demonstrerte med kroppsspråk og kommentarar som «Nei», »Syns du det?» og «Så flink du er!» at ho følgde med i samtalen, og ho viste med latter eller mimikk sine kjensler i forhold til tema som blei diskutert. Ved hjelp av latter kan ein visa at ein aksepterer og set pris på ei spøkefull ytring (Goffman 1981:53). Wadensjø (1998:56) meiner at engasjert interesse frå tolken ser ut til å stimulera tolkebrukarane sitt utbytte av samtalen. Dersom tolken derimot viser ei uengasjert haldning, kan det påverka samtalen negativt.

Metzger (1999) hevdar i si bok om teiknspråktolking, «Deconstructing the Myth of Neutrality», at nøytralitet er ein utopi, då tolken berre ved å vera til stades påverkar situasjonen. Collins m.fl. (2004) refererer til ei undersøking som visar at tolken deltek i situasjonen ved å gjera ein del andre ting i tillegg til å tolka. Tolken i denne studien stiller oppklarande spørsmål til dei andre deltakarane dersom det er noko ho lurer på. Til dømes spør ho konsulenten: «Er det sånn til krydder dette?» Ho koordinerer samtalen ved å levera mikrofonen til den som skal snakka, ber folk gjenta eller venta. Wadensjø (1998) erfarer også at tolken har ansvar for å samordna i tillegg til å tolka. I eit slikt perspektiv er også tolken i Tupperwareselskapet ein deltakar i situasjonen på denne måten: ho seier kven som snakkar, forklarar korleis produkta blir brukt og repeterer det som ho merker ikkje blir oppfatta.

Nøytralitet kan også nyttast som eit forsvar mot å involvera seg. Ein ønskjer eller klarer ikkje å involvera seg, og ein nyttar nøytralitetsidealet som grunngjeving. Dersom ein vil gjera ein optimal tolkejobb, kan ei slik handtering og bruk av nøytralitetsomgrepet vera ei hindring. Sett på ein annan måte kan dette derimot vera ein akseptabel strategi om ein treng eit «forsvar» og har bruk for å halda avstand i ein situasjon. Leenderts (2000) minner om at ei fagpersonleg tilnærming i ein profesjon må ha rom for at me utformar ei slik rolle på ulik måte.

Andre konsekvensar av ei meir personleg utøving av tolkerolla

Tolken kan lett bli oppfatta som den døvblinde sin, framfor ein tolk som er der for alle partar. Tolken har ofte møtt den døvblinde tolkebrukaren heime, dei kjem saman til staden der tolkinga skal skje og dei har ofte fysisk kontakt gjennom heile tolkeoppdraget. Dersom dei i tillegg opptrer som venn(inn)er som tullar og tøysar, er det endå større sjanse for at dei andre tolkebrukarane vil oppfatta at tolken først og fremst tilhøyrer den døvblinde. Nærleik og venskap med tolken kan opplevast som viktig, men det kan også føra til at tolken sin profesjonalitet blir utydeleg (Dahl 1996:139). Humprey (1999) meinar det er nødvendig at tolkar opptrer på ein måte som gjer at høyrande tolkebrukarar stoler på at tolken er upartisk.

Eit nært forhold mellom tolk og tolkebrukar kan gjera at tolkebrukaren finn det tryggare eller enklare å vera i interaksjon med tolken enn med dei andre i ein sosial situasjon. Eit døme frå ein klasseromsstudie med døve elevar (Ohna m.fl. 2003:277) visar at tolkemedierte samtalar i klassen kan føra til at tolken og den døve eleven «utviklar ein eigen diskurs som går «utanpå» klasseromdiskursen». Forskarane i denne undersøkinga meiner at dette skapar ein form for deltakarasymmetri som er problematisk i eit inkluderingsperspektiv. På ein slik måte blir tolken ein barriere for kontakt heller enn eit verktøy for kontakt.

Det er svært strevsamt å oppfatta tale når ein høyrer dårleg og ikkje lenger kan støtta seg på munnavlesing. Dersom tolken kjem med mange personlege kommentarar, vil den døvblinde måtta bruka tid og krefter på å oppfatta dette. Det vil nødvendigvis måtta gå ut over det andre som skal tolkast og oppfattast i situasjonen. Dessutan kan personlege kommentarar som ikkje har noko med situasjonen å gjera, ta fokus vekk frå andre ting som er viktige å tolka.

Evne til å forstå situasjonen

Når eg går til frisør eller lege, trivest eg best dersom dette er ein fagperson som eg har god kjemi med. Då blir det lettare for meg å seia det eg meiner, og eg set pris på om denne fagpersonen gir litt av seg sjølv. Kvifor skal det vera annleis for tolk og tolkebrukar?

Framfor at det å vera nøytral skal vera idealet, treng kanskje tolken heller evna til å forstå situasjonen og til å improvisera deretter. Dermed blir det ikkje nøytralitet som blir det mest faglege, men kunsten å reflektera og forstå kva som skjer. I materialet mitt ser eg at tolken følgjer med og les situasjonen og ansiktsuttrykk. Tolkestudentar i ei undersøking legg også vekt på at det er viktig at ein tolk er medmenneske og brukar skjønn, og at det ikkje alltid er verken lett eller rett å vera nøytral (Skaten 2005). Dette synet kjem endå tydelegare fram i ein artikkel skrive av ein annan tolkestudent (Johanssen 2008:16). Ho reflekterer over erfaringar frå praksis der ho fekk inntrykk av at tolkane handterte si rolle noko rigid og at det å vera »eit nøytralt bindeledd» syntest å vera det fremste målet.

Avslutning

Leiar for den første utdanninga for døvblindetolkar skriv at «Det vil alltid være den enkelte tolks personlige engasjement og interesse som avgjør kvaliteten på samværet mellom den døvblinde og tolken.» (Askjem 1999:34). I min studie ser me eit døme på ein tolk som brukar seg sjølv i situasjonen. Dette ser ut til å fungera bra på dette tolkeoppdraget. Både observatør, tolk og tolkebrukar sit igjen med eit inntrykk av at dette var ein sosial situasjon som fungerte godt. Det var mykje latter og ivrig snakking blant dei frammøte, noko som kan tyda på at dette var eit vellukka sosialt samvær. Tolkebrukar og gjester kommuniserte med kvarandre, og det såg ut som tolkebrukaren fekk med seg dei fleste morosame poenga. Det er ikkje gitt at sosial samhandling med tolk til stades skal gli like knirkefritt som eg fekk inntrykk av at det gjorde i denne situasjonen. Eg tenkjer at tolken sin veremåte og tolking kan ha bidrege til at kommunikasjonen flaut så fint. Tolken viste empati med ord og kroppsspråk, og ho kom med ein del personlege kommentarar. Eg vurderer tolken i denne situasjonen som ein som veksla mellom å vera direkte deltakar i samhandlinga og ein nøytral tolk.

I dag er det få, om nokon, som held fast på at det er muleg for tolken å vera nøytral eller usynleg. I min studie ser me ein tolk som i strid med rådande ideologi kjem med personlege meiningar og utsegn. Likevel, eller kanskje delvis på grunn av dette, var ho førstevalet som tolk for denne brukaren. Fleire brukarar har sagt at dei ynskjer seg tolkar dei kan snakka med og som kjem med personlege meiningar. Fagmiljøet har halde igjen. Finst det likevel gode grunnar for å gå mot ei fagpersonleg tolketeneste for døvblinde?

Mitt datamateriale er nok eit døme på at tolken må gjera meir enn berre å tolka. Tolken må også samordna kommunikasjonen og interaksjonen mellom deltakarane i situasjonen. Dette samsvarar med funn frå anna forsking (Roy 1992, Wadensjø 1998, Berge 2003, Collins m.fl. 2004). Det som er spesielt med taletolking for døvblinde, er at jobben med å samordna i nokre tilfelle kan bli ein vel så stor og viktig jobb som sjølve tolkinga.

Oppsummert vil eg seia at det å klara å vera personleg utan å vera part i situasjonen, er ein av dei største utfordringane tolken har. Tolken vil møta forskjellige forventningar til dette frå ulike tolkebrukarar, i ulike situasjonar, frå kollegaer og andre yrkesgrupper.

Sammendrag

Artikkelen er skriven med utgangspunkt i ein observasjonsstudie av ein tolk for døvblinde sin praksis under sosialt samvær. Det er eit uttalt mål i tolken sine yrkesetiske retningslinjer at tolken ikkje skal uttrykka eigne meiningar eller vera part i tolkesituasjonen. Dette er ei utfordring for tolkane som opplever at både høyrande og døvblinde tolkebrukarar kan ha andre forventningar til tolken si rolle i tolkesituasjonen. I det observerte Tupperwareselskapet ser me eit døme på ein tolk som legg til eigne vurderingar og kommentarar, og ho er nokre gonger ein direkte deltakar i situasjonen. Med utgangspunkt i datamaterialet drøftar eg positive og negative sider ved at tolken lar seg sjølv som person komma meir fram i tolkesituasjonen.

Nøkkelbegreper: døvblind, tolk, yrkesrolle, nøytral, personleg, sosialt samvær

Note

1) I nokre andre land nyttar ein nokon gonger døve som tolkar. Det kan til dømes vera som tolkar for døvblinde i ein teiknspråkleg kontekst, eller som mellomtolk mellom ein døv person og ein høyrande tolk.

Summary

The article is written based on an observation study of what the interpreter for a deafblind was doing during social intercourse. It is a stated goal of the interpreter’s professional code of ethics that the interpreter is not supposed to express her own meanings or be a part in the situation. This is a challenge for the interpreters. They experience both hearing and deaf and blind users’ having other expectations to the role of the interpreter in the work situation. In the observed Tupperware party we have an example of an interpreter who are adding some of her own assessments and comments, and sometimes she is also a direct participant in the situation. Based on my data material I discuss positive and negative aspects with a more personal interpretation service.

Litteratur

Andreoli, Paul (1999) «Psychic and social aspect in the relationship between the deafblind person and the interpreter.» I Peckford, Bob (red) Proceedings of an International Symposium on Developments and Innovation in Interpreting for Deafblind People. Durham: CACDP side 34-37.

Askjem, Solveig (1999) «Den første utdanningen av tolker for døvblinde.» I Woll, Heidi (red): Døvetolk- og døvblindetolkyrkets fremvekst i Norge. Bergen: Døves Forlag, side 29-34.

Bakhtin, Mikhail (2005) Spørsmålet om talegenrane. Omsett og med etterord av Rasmus T. Slaatelid. Oslo: Pensumtjeneste A/S.

Berge, Sigrid Slettebakk (2003) Tegnspråktolkens handlinger. Trondheim: Tapir Akademiske forlag.

Bø Inge og Per Morten Schiefloe (2007): Sosiale landskap og sosial kapital. Innføring i nettverkstenkning. Oslo: Universitetsforlaget.

Collins, Steven, Earl Fleetwood og Melanie Metzger (2004) Discourse Genre and Linguistic Mode: Interpreter Influences in Visual and Tactile Interpreted Interaction. Sign Language Studies 4(2), side 118-137.

Dahl, Liv Synnøve (1996) Tolking og livskvalitet. En kvalitativ studie av noen døves erfaringer som brukere av tolketjenesten for hørselshemmede. Universitetet i Oslo: Institutt for spesialpedagogikk. Hovedoppgave til 3. avdeling, hovedfagseksamen i spesialpedagogikk.

Dalum, Vibeke, Ole Jeppesen, Louise No Myrup og Annegrethe Pedersen (1997) Taktil Tegnsprogskommunikation. København: Center for Tegnsprog og Tegnstøttet Kommunikation – KC.

Dammeyer, Jesper (2007) Den sociale konstruktion af døvblindhed. I Nyhedsbrevet nr. 2/07. Dronninglund: Nordisk Uddannelsescenter for Døvblindepersonale, side 4-6.

Eikholt, nasjonalt ressurssenter for døvblinde (u.d.) Nordisk definisjon av døvblindhet. http://www.eikholt.no/ ?module=Articles;action=ArticleFolder.publicOpenFolder;ID=252 (Henta 14. april 2008).

Eriksson, Linda og Karin H. Johansson (2007) Døvblindtolkning – ett studiematerial. Ørebro: Ørebro läns landsting.

Ellis, Caroline (1999) «Rights to interpreter services for deafblind people – an overview.» I Peckford, Bob (red) Proceedings of an International Symposium on Developments and Innovation in Interpreting for Deafblind People. Leeuwenhorst, The Netherlands June 1999. Durham: CACDP, side 26-33.

Goffman, Erving (1974) Vårt rollespill til daglig: en studie i hverdagslivets dramatikk. Oslo: Pax Forlag.

Goffman, Erving (1981) Forms of talk. Philadelphia: University of Pennsylvania Press.

Humphrey, Janice H. (1999) Decisions? Decisions! A Practical Guide for Sign Language Professionals. Texas: H & H Publishers.

Johanssen, Marianne (2008) «Tolkeyrket i et dialogisk perspektiv.» Tolkeavisa nr. 2/2008. Oslo: Tolkeforbundet, side 14-16.

Kermit, Patrick (2002) «Hva gjør en tolk og hva gjør en god tolk? Om tolkens yrkesetikk.» I Etikk og profesjonskunnskap del 1: kompendium. Oslo: Universitetet i Oslo, ILF.

Leenderts, Torborg Aalen (2000) Person og profesjon: Om menneskesyn og livsverdier i offentlig omsorg. 2. utg. Oslo: Universitetsforlaget.

Ljicke, Cor van der (2008) «Medmenneske.» Tolkeavisa nr. 2/2008. Oslo: Tolkeforbundet.

Løgstrup, Knud Eilert (1999) Den etiske fordring. Oslo: Cappelen.

Metzger, Melanie (1999) Deconstructing the Myth of Neutrality. Gallaudet University Press: Washington, D.C.

Miner, Ilene (2008) Døvblindblevne og selvidentitet – en interviewundersøgelse. Herlev: Videnscentret for Døvblindblevne.

Nesse, Liv Solbø, Vigdis Solbø Peterson og Sissel Redse Jørgensen (2006) «Om tolking og undervisning.» I Anjum, Rani Lill og Sissel Redse Jørgensen (red) Tegn som språk. Oslo: Gyldendal, side 113-124.

Næss, Trine (2006) «Å fange omgivelsene». Kontekstuell tilnærming ved ervervet døvblindhet. Om døvblindblitte, miljøbeskrivelse og kommunikasjon. Asker: CoCo Haptisk.

Ohna, Stein Erik m.fl. (2003) På vei mot en ny grunnskoleopplæring for døve elever. Oslo: Skådalen Kompetansesenter.

Olesen, Birgitte Ravn og Kirsten Jansbøl (2005a) Teori og metode. Erfaringer fra mennesker med døvblindhet – et nordisk prosjekt. Herlev: Videnscentret for DøvBlindBlevne.

Olesen, Birgitte Ravn og Kirsten Jansbøl (2005b) Å kunne delta. Erfaringer fra mennesker med døvblindhet – et nordisk prosjekt. Herlev: Videnscentret for Døvblindblevne.

Roy, Cynthia B. (1992) «A sociolinguistic analysis of the interpreter’s role in simultaneous talk in a face-to-face interpreted dialogue.» I Sign Language Studies, Volume 74 – spring. Burtonsville: Linstok Press Inc., side 21-61.

Raanes, Eli (2001a) Beskrivelse. (Nordisk vejleder. Arbeidstekst, 37.) Dronninglund: Nordisk Uddannelsescenter for Døvblindepersonale (NUD).

Raanes, Eli (2001b) Døvblindes kommunikasjonssituasjon. (Nordisk vejleder. Arbeidstekst, 35.) Dronninglund: Nordisk Uddannelsescenter for Døvblindepersonale (NUD).

Raanes, Eli (2001c) Tale og Taleforståelighet. (Nordisk vejleder. Arbeidstekst, 22.) Dronninglund: Nordisk Uddannelsescenter for Døvblindepersonale (NUD).

Raanes, Eli (2006) Å gripe inntrykk og uttrykk. Interaksjon og meningsdanning i døvblindes samtaler. Doktoravhandling. Trondheim: NTNU.

Røkenes, Odd Harald og Per-Halvard Hanssen (2006) Bære eller briste. Kommunikasjon og relasjon i arbeid med mennesker. 2. utg. Bergen: Fagbokforlaget.

Skaten, Ingeborg (2005) Tolk, døvetolk – eller tegnspråktolk? Hovedfagsoppgave i sosiologi, Universitetet i Bergen.

Svingen, Else Marie (uten datering) Syn og hørsel hos eldre. www.sansetap.no (Henta 11. oktober 2009).

Tolkeutredningen (2008) Framtidens tolke- og kommunikasjonstjenester for døve, døvblinde og hørselshemmede. Oslo: Arbeids- og velferdsdirektoratet.

Wadensjö, Cecilia (1998) Kontakt genom tolk. Stockholm: Dialogos förlag.

03.12.2009
21.08.2023 17:14