JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Bokanmeldelse

Dei som tener seg rike på velferd

Manifest forlag

30.11.2016
21.08.2023 17:14

Anmeldt av
Svein Tuastad

Førsteamanuensis i statsvitskap, Institutt for sosialfag, UiS

Om boka

Linn Herning: Velferdsprofitørene. Om penger, makt og propaganda i de norske velferdstjenestene. Oslo: Forlaget Manifest, 2015

Når Linn Herning skriv bok om korleis velferdskapitalismen opererer i Noreg, det ho kallar velferdsprofitørane innanfor skule, sjukeheimar og barnehagar, er utgangspunktet at det ikkje er ei politisk nøytral bok. Det er ei bok med eit klar politisk føremål. Linn Herning er nestleiar i «For velferdsstaten» som har ei rekkje medlemsorganisasjonar, hovudsakleg med ståstad på venstresida i norsk politikk og med tyngdepunkt i fagrørsla. Det er ein premiss for boka at Linn Herning er motstandar av dei kommersielle aktørane som ho skriv om. Gjer det noko for kvaliteten til boka?

Professor Einar Øverbye, med velferdspolitikk som spesialfelt, meiner det. Han finn mange verdifulle poeng i boka til Herning, men vil ikkje tilrå boka for lesarar utan god kjennskap til velferdspolitikken (bokmelding i Tidsskrift for velferdsforskning, nr. 1, 2016). Til det er boka for einsidig, slik han bedømmer det. På den andre sida hevdar ein av dei mest poengterte skribentane i dette landet, Morten Strøksnes, at boka høyrer heime mellom dei viktigaste i den politiske litteraturen dei siste åra (Strøksnes i Bergens tidende, 25. mai, 2015). Kven har rett?

Det skal eg kome tilbake til i siste delen av denne bokmeldinga. La meg først kort slå fast det som det er lett å einast om. Linn Herning har skrive ei viktig og opplysande bok fordi ho får vist fram kva det er mange opplever som problematisk med velferdskapitalisme på norsk. Herning makter å skrive tydelig, presist og veldokumentert. At ho har samla eit vidtfemnande materiale om emnet mellom to permar, har klår verdi for det opplyste politiske ordskiftet.

Velferdsprofitørene er elles delt inn i tre hovudkapittel ramma inn av eit introduksjonskapittel og eit oppsummeringskapittel, det siste har karakteren til kampskriftet ved å vere ein politisk mobiliserande kommentar. Dei tre hovudkapitla tematiserer dei kommersielle aktørane innanfor barnehage-, sjukeheim- og skulesektoren.

For å gje eit inntrykk av korleis Herning skriv, på godt og vondt, skal eg tillate meg eit ganske langt sitat som illustrerer både form og innhald i boka. Ein typisk passasje i boka er slik (om sjukeheimane, side 120):

«Attendo drev Midtåsenhjemmet fra 2005 til 2010. Ved å sjekke de offentlige regnskapene, for eksempel på www.proff.no, kan vi finne ut at Attendo Norge AS hadde et samlet resultat etter skatt på 62 millioner kroner i løpet av disse årene. Men viss vi vil finne ut hvor mye av disse pengene som kom fra Midtåsenhjemmet, støter vi på første hindring: Vi får ikke vite hvor mange av disse millionene som er tjent der. Det er fordi Attendo, som flere av sine konkurrenter, har organisert sine sykehjem som avdelinger innen et aksjeselskap heller enn som egne juridiske enheter. Når sykehjemmene ikke er selvstendige enheter, må de heller ikke innrapportere egne regnskap. I Oslo har hemmeligholdet gått ekstra langt - de kommersielle selskapene har fått gjennomslag for at bemanningsplaner skal anses som forretningshemmeligheter».

Det lange sitatet kan både illustrere styrker og veikskaper i boka. Den store behaldninga til boka er måten Herning først teoretisk viser korleis kommersielle selskap kan maksimere profitt på innanfor velferdsstaten for deretter konkret å kartlegge eigarskap, pengestraumar og kontroversar innanfor kvar av dei tre sektorane barnehage, eldreomsorg og skule. Triksinga til eit kommersielt selskap som Attendo gjer altså at vi som politisk fellesskap ikkje skal få vite kor mange som er på jobb for å ta seg av eldre trengjande. Herning dokumenterer på denne måten viktige utviklingstrekk i den moderne velferdsstaten der samanfiltringa av det offentlege og det private vert uoversiktleg.

Herning går grundig inn i kven som er dei store eigarane, og korleis dei får det til å løne seg. Du kan tene pengar på å investere i velferd i Noreg på tre måtar, og berre ein av dei handlar om å ta ut utbytte. Det første ein lærer seg når ein skal forstå velferdsprofitørane, skriv Herning, er at utbytte er det som amatørane i bransjen driv med. For om ein tar ut utbytte, lyt ein betale skatt og dessutan er ein då lovpålagd å vere open om pengestraumane. Difor unngår dei smarte triksemakarane denne profittforma samstundes som dei i den offentlige debatten poengterer at dei ikkje tar utbytte.

Dei skjulte og meir effektive profittstrategiane er anten internhandel mellom nærståande selskap, eller å ta ut gevinsten av sal. Internhandel eller internprising går ut på å kjøpe tenester eller leige eigedom av eit anna selskap som ein eig. Aksjeselskapslova pålegg selskap å følgje vanlege forretningsmessige prinsipp slik at ein ikkje skal overprise tenester. Interne kapitaloverføringar kan skjulast. Seinare kan ein ta ut profitt i selskap som kan vere registrerte i skatteparadis.

Å undersøkje om det faktisk er slik at selskapa følgjer spelereglane ved ikkje å overprise interne tenester, er krevjande for offentlege tilsynsorgan. Herning viser til då Utdanningsdirektoratet førte tilsyn med seks Akademiet-skular. Det brukte dei fem årsverk på.

Den tredje og ofte mest effektive måten å tene store pengar på for dei kommersielle aktørane, ved sidan av utbytte og internhandel, er å la pengane bli att for å gjere selskapet attraktivt for investorar, for sidan så å selje det med stor gevinst. Dei store oppkjøpsfonda følgjer ofte denne strategien.

Med omsyn til form illustrerer det lange sitatet også korleis gjennomgangen til Herning risikerer å verte einsformig og keisam. Det er ganske mange eigarar det skal greiast ut om og der ei hovudsak er å finne ut kor mykje dei har tent. Det har ein verdi, men vert langtekkeleg.

Språket hennar er elles presist, men litt flatt, som passasjen illustrerer. Somme stader bringer Herning seg sjølv inn på banen og fortel om feidane ho har hatt med diverse velferdsprofitørar som ho kallar det. Narrativet om den idealistiske unge aktivisten i strid med representantar for tunge kapitalistiske føretak spritar opp teksten i boka.

La meg så vende tilbake til det innleiande spørsmålet om den politiske slagsida i boka. Svekkjer det boka?

Det er to svar på det spørsmålet. På den eine sida er boka opplysande og kan trygt lesast av både lek og lærd. Det politiske prosjektet til Herning ligg såpass klårt i dagen at ein må ha ein veldig lite utvikla kritisk sans for ikkje å få det med seg. Lesaren skjønar at genren ikkje er ei rein fagbok, men ei politisk debattbok som genre-messig ligg ein stad mellom fagboka på den eine sida og pamfletten på den andre.

På den andre sida svekkjer det boka at ho er for lite nyansert. Boka ville vore meir interessant om Herning var opnare og meir balansert i framstellinga. Til dømes er det for dei som ikkje les boka med fagforeiningsbriller, eit naturleg spørsmål å stille seg om dei kommersielle verksemdene faktisk makter å kombinere effektivitet med kvalitet. Dersom dei gjer det, om vi ser bort frå det juridiske sida av spørsmålet, kva er då problemet om eigarane også tener pengar? Er ikkje det vinn-vinn? Sagt med andre ord, blokkerer det moralistiske, anti-kapitalistiske utgangspunktet for ei opnare og meir relevant analyse i boka.

Å sakne eit slikt opnare utgangspunkt, er ikkje det same som å be om at Herning skiftar side i den politiske debatten, eller at ho burde halde inne med sine politiske synsmåtar. Det er trass alt nok å ta av når det gjeld problematiske sider ved velferdskapitalismen. Til dømes er det ein uting når kommersielle aktørar hindrar innsyn. Då vert det vanskeligare for oss som politisk fellesskap å vurdere kva for samla nytte vi har av dei som Herning kallar velferdsprofitørane. Ein av føremonene som forskingslitteraturen og politiske debattantar held fram, er at dei private aktørane er innovative, og at vi kan lære nye organisasjonsmåtar av dei. Men viss dei hindrar innsyn og er gjerrige med å dele sine suksessoppskrifter fordi det er forretningsløyndomar, fell dette poenget bort.

Dessutan kan eg følgje Linn Herning og hennar meiningsfeller eit stykke på vegen når dei opplever uro over at velferdskapitalismen breier om seg. Jamvel om det er saklege grunnar som taler for at eit mangfald av aktørar kan vere eit gode, kan det også vere at eit stort innslag av profittsøkjande selskap innanfor dannings- og omsorgsfeltet omformar relasjonane på ein måte vi ikkje heilt forstår medan omforminga skjer. Det kallar på ein kritisk, men balansert analyse.

Velferdsprofitørene er ei nyttig bok. Samstundes er ho føreseieleg og litt keisam. Lesaren får servert vitaminrike grønsaker på tallerkenen. Men det er heller sparsamt med eksotisk krydder. Slik sett kan boka også tene som tidsbilete på den norske venstresida.

30.11.2016
21.08.2023 17:14